Ein eksisterande kai kan få nye krav gjennom endra bruk, tyngre trafikk eller synleg slitasje over tid. I andre tilfelle er det konkrete skadar eller funksjonsutfordringar som gjer at anlegget bør vurderast nærare.
Bilete, eldre teikningar og eventuelle tidlegare vurderingar av anlegget er ofte nyttige i ein første gjennomgang. Det gjev eit betre bilete av både situasjonen i dag og kva som kan vere aktuelt å sjå nærare på vidare.
Rehabilitering er ikkje eitt standardtiltak som passar alle. Kva grep som er rette, må vurderast for den enkelte kaien ut frå konstruksjon, bruk og kva behov anlegget skal dekkje framover.

